Fresvik

Fresvik

mandag 30. mai 2011

Mat

Som opplyst tidlegare har vi planar om buffet fredag kveld 26.08. i Ungdomshuset i Fresvik.

Frøys Hus tilbyr denne menyen.

Røykelaks og røykt bøklingfilet frå Sogn, med eggerøre på egg frå garden.
Heimelaga fiskekarbonader med klassisk tilbehør (varm)
Urtebakt uerfilet frå Raudeberg med bacon og kaperssaus (varm).
Potetsalat på trollpotet med vårløk og sennepsvinaigrette.
Couscoussalat med urtemarinerte cannelonibønner og sesonggrønsaker.
Grøn salat etter sesongen (t.d. Cæsarsalat)
Røykt lammelår frå Vikja.
Karbonader frå Vikja m/løk (varm)
Nybakt brød bakt på Frøys hus, smør.
kr. 275  per pers


På laurdag 27.08  set vi fram den same som frokost/brunch.


Kostnaden vert   Kr 550.- pr pers.




Om kvelden, laurdag 27.08 tilbyr Frøys Hus denne Middagsmenyen.


Lammefrikassè med rotgrønsaker frå Hosar gard, servert med trollpotet frå Aurland.
Dessert
Sjokoladefondant med vaniljeiskrem frå Feios.
250 per pers


Totalt for mat Kr 800.-



Dette er det beste natur og produsentar i Fresvik og omegn kan tilby.


Vi avstår frå felles frokost på søndag 28.08. Sidan dei fleste vil vera innkvarterte på Vangsnes, og vil få ein times ekstra køyring til og frå Fresvik. For dei som ynskjer frokost denne dagen, skal vi finna løysingar.
 

Vil gjerne ha tilbakemeldingar om denne menyen snart.  Kan finna andre løysingar om dette ikkje fell i smak, ser for dyrt ut, eller av andre grunnar.


Om nokon har spesielle ynskje, vegetar, halal, kosher, diabetes eller, eller, så gje beskjed så skal vi få til løysingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar