Fresvik

Fresvik

mandag 29. august 2011

Takk til alle som var med.

Til heile slekta. Takk for ein av dei beste dagane i livet mitt.
Det var ei stor glede for Nancy og.

Legg ved solsikker frå 2009. I år vart dei ikkje klare til festen.

Så var det mange som fotograferte. Send gjerne aktuelle bilete på mail så legg eg dei ut på bloggen.

Dessverre vart det ikkje tid til gode historiar og bilete frå gamle dagar. Men aktuelle bilete frå gamle dagar kan de scanna og senda så får vi til eit album eller fem. Modellen til ei internettside er  www.solalihytter.no 


Meir om dette seinare.
Det låg att ein paraply med treskaft i partyteltet i Solali, og nokre bilete i Ungdomshuset. Dei som saknar dette må ta kontakt.
Og til slutt. tusen takk til alle saman. Det var heilt fantastisk.

mandag 22. august 2011

Feriehus i Fresvik, Ledig helga 26 tom 28 august.

Eit eldre feriehus sentralt i Fresvik er ledig. 3 soverom. 1 med dobbeltseng, 1 med enkeltseng og 1 med stor enkeltseng. Vidare to stover med kvar sin sovesofa.

Interesserte ring  95 86 72 26.

mandag 15. august 2011

Betaling og andre ting.

Hei.  Har omsider fått info om prisar frå Intendanturen.

Dei som kjem fredag kveld  og deltek fullt laurdag, med:  
Frokost/brunsj buffet  1000 til 1230 ca, i Ungdomshuset. 
Kaffi i Solali ca 1400 til 1700,
Stor buffet i Ungdomshuset  ca 1900 og utover.  Betalar kr 550,- pr person. Barn mellom 4 og 13  Kr 275,-
Barn under 4 år Kr 0,-.
Deltakarar som kjem med frå laurdag kl 1000 -1230 osv betalar Kr 500.- Barn mellom 4 og 13  Kr 250,-
Barn under 4 år Kr 0,-.
Betal til konto:  6504.05.35718 innan mandag 22. august 2011.

Menyane vert heilt annarleis enn tidlegare opplyst, men vi har fått til gode og smakfulle buffetar og kaffibord.

Viktig melding, På fredag sluttar vi av matserveringa ca 2100. Laurdagen blir travel.

Ta med godt humør, bilete og gode historiar om dei eldre generasjonane. 

Og ta med fotografiapparat og filmapparat.

Vi har fotograf,men vi er mange og vil gjerne få med det meste.

tirsdag 9. august 2011

Litt om oss.

 Eg som har begått denne bloggen hittil. Med skjegg og briller.
Ved sida min bedre halvdel frå Brasil, Nancymar. (Nancy til dagleg)
Vi bur i huset etter Jens Isaksen Bøthun og blir vertskap når deltakarane møter i Solali til kaffi laurdag 27.08.2011.
Dei andre medverkande skal vi prøva å leggja ut etter kvart. det er mage som no er i sving med ymse oppgåver.
Til høgre resten av dei som bur i huset vårt.  Våre sleeping partners.
Vi får lov å bu her så lenge vi gjer dei mat.  Frå venstre, Samurai, Samantha og Socrates.

tirsdag 2. august 2011

Ny informasjon.

Hei.

Det har blitt ein del forandringar ettersom fleire har engasjert seg i prosjektet.

Av ymse grunnar har vi lagt om matplanen.   Det blir som før opplyst servert eit måltid fredag ettermiddag/kveld  i ungdomshuset.  Laurdag morgon frokost/brunch frå 1000 til 1230 ca.  Kaffi og kaker i Solali omkring 1500, etter vandringa. deretter middag i ungdomshuset ca 1900 - 2000.

I samband med kaffirasten i Solali kan dei som kjenner seg kalla, gjerne ta med ei kake!.
Gi i tilfelle beskjed!

Når det gjeld deltaking i måltida går vi ut frå at dei som ikkje har teke forbehold ved påmelding, deltek både fredag og laurdag. Gje gjerne melding om noko er uklart eller har endra seg.
Menyane blir og radikalt forandra. Cateringen er overbelasta, så nokre slektningar i nærområdet har rulla opp ermane og hjelper til.  Det blir i allefall rimerlegare enn før opplyst.  Kjem att med info om prisar, menyar, innebetaling osv om nokre dagar.

Drikke til middagen.  Brus av ymse slag, saft, vatn. Øl til dei som ynskjer dette og gir beskjed.
Vin og kraftigare saker kan de ta med etter ynskje.
Elles har vi ein heil isbre å ta frå til dei som ynskjer vatn.


Dei yngste.
Det er ein del yngre som er påmelde. For at dei ikkje skal kjeda seg, har vi ei trampoline og eit badebasseng i Solali. 120 cm djupt, rundt, med diameter 480 cm. Og ein oppblåsbar plaskedam for dei aller minste.
Kanskje ein tanke at dei kjem direkte til Solali etter brunch ?

Bilete/fotografering.

Vi har ein frivillig fotograf. Satsar på eit gruppebilete av alle. Fleire fotografar er velkomne.

Har tenkt å rigga opp nokre tavler i ungdomshuset der vi heng opp bilete av våre respektive forfedre/mødre
Så får vi avtala vidare behandling av dette materialet i framtida.
Historiane som blir fortalde tenkte vi å ta opp på video, til vidareforedling i framtida.

Vel. det var vel det heile nett no.

Ser fram til å treffa dykk alle.

Gunnar