Fresvik

Fresvik

tirsdag 28. juni 2011

Ny info om underteikna, mat, påmelding og innkvartering.

Skulle ha lagt ut denne informasjonen tidlegare, men havna den 13 juni på sjukehus og fekk operert ut ein svulst i tjukktarmen.  Er no på bedringens veg og blir frisk og rask til festen.

Har difor flytta påmeldingsfrist til 10/07-2011.

Alle som har meldt seg på til denne tid vil få tilbakemelding med bekreftelse om ikkje lenge.

Når det gjeld mat, har det komme fagfolk på bana som vil reformera menyane til å bli betre og billegare.

Dette kjem på bloggen etter kvart.  Vidare kan ein melda seg på så mange eller så få måltid ein vil, og betala deretter.

Ein del av deltakarane har booka inn på Kviknes Hotell i Balestrand.  http://www.kviknes.no/

4 personar så langt. Dersom nokre fleire vil bu der, kan det kanskje ordnast taxi-båt. Sidan fergene Dragsvik-Vansgsnes innstiller omkring midnatt.